Denne artikkelen handlar om det norske Språkrådet. For rådet med same namn i Sverige, sjå Språkrådet i Sverige.
Språkrådet er staten sitt fagorgan i spørsmål om norsk språk. Språkrådet har som hovudoppgåve å verna norsk språk, og styrkja statusen til norsk i notid og framtid. Det gjeld både norsk språk generelt og den nynorske målforma spesielt. I tillegg skal Språkrådet ta omsyn til språkstoda som heilskap i landet, dvs. interessene til nordmenn med anna morsmål enn norsk. Språkrådet skal vidare observera og vurdera språkutviklinga i landet, og på det grunnlaget skal ein òg driva språknormering.
Oppgåver
Språkrådet skal verna norsk språk, og fører tilsyn med språklova for å hindra at språket vert «utvatna». Dei forvaltar rettskrivninga i nynorsk og bokmål, og godkjenner norske ordbøker og ordlistar til bruk i skulen. Vidare gjev dei og gjev råd om stadnamn og andre språklege emne, og arbeidar for at offentlege og private aktørar i Noreg brukar eit klart språk som er lettfatteleg for målgruppa.[1] Språkrådet fremjar norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka som kvensk og romani. Språkrådet samarbeidar òg med språkinstitusjonar i andre land, mellom anna for å sikra nabospråkforståing i Norden.
Soge
Stortinget slutta seg i 2003 til eit forslag om å omdanna Norsk språkråd til eit nasjonalt kompetansesenter for norsk språk. Språkrådet vart skipa 1. januar 2005, og avløyste då Norsk språkråd. Ved brev frå Kultur- og kyrkjedepartementet 18. mai 2005 vart det fastsett at namnet skulle vera Språkrådet. Språkrådet sin første direktør var Sylfest Lomheim.[2]
Leiing
Språkrådet har eit sekretariat som vert leidd av ein direktør i åremålsstilling. Sidan 1. januar 2024 har Ingrid Vad Nilsen vore styreleiar.[3] Språkrådet har eit styre som er oppnemnt av Kulturdepartementet.[4]
Medlemene i styret møtet i prinsippet som einskildpersonar, og ikkje som representantar for eit lag eller ein institusjon, slik tilfellet var med representasjonen i det gamle Norsk språkråd.
Fagråd
Språkrådet har fire fagråd som skal gje fagleg støtte til sekretariatet og styret:[5]
- Fagrådet for fagspråk og språk i samfunn og høgare utdanning
- Fagrådet for skule og offentleg forvaltning
- Fagrådet for normering og språkobservasjon
- Fagrådet for stadnamn
Av desse fagråda er Fagrådet for normering og språkobservasjon det som liknar mest på det som var Fagnemnda i Norsk språkråd, men til liks med dei andre fagråda har det berre ein rådgjevande funksjon.
Kjelder
Bakgrunnsstoff