Dette er ei liste over spanske monarkar, det vil seie herskarar over eit samla Spania.
Føregangarar til det spanske monarkiet var:
Ferdinand II av Aragon og Isabella I av Castilla regjerte gjennom personalunionen sin dei to kongedøma saman. Ferdinand la og under seg den søre delen av Navarra. Etter Isabella døydde overtok dottera hennar Joanna trona, men Ferdinand fortsette som regent fordi Joanna var sinnsjuk. Sonen til Joanna, Karl (seinare tysk-romersk keisar), etterfylgde henne. Då Ferdinand døydde i 1516 overtok han òg Aragon. I 1580, under sonen til Karl I, Filip II av Spania, vart òg Portugal innlema i kongedømmet. Med dette vart heile Den iberiske halvøya sameint under ein konge og namnet på riket vart forandra til Spania. Portugal vart igjen sjølvstendig i 1640, men namnet Spania vart enno brukt om unionen mellom Castilla og Aragon.
Huset Habsburg
Det er vanleg å rekne Karl I som den første kongen av Spania, sjølv om sonen Filip var den første til å bruke tittelen. (Nummereringa av monarkane held fram etter den kastiljanske linja.)
- Karl I: 23. januar 1516–16. januar 1556
- Filip II: 16. januar 1556–13. september 1598
- Filip III: 13. september 1598–31. mars 1621
- Filip IV: 31. mars 1621–17. september 1665
- Karl II: 17. september 1665–1. november 1700
Huset Bourbon
Huset Bonaparte
Huset Bourbon
Interregnum
Huset Savoie
Den første republikken
Huset Bourbon
Den andre republikken
Huset Bourbon