Spöl (italiensk Akua Granda eller Aqua Granda) er ei elv i Sveits og Italia. Trass i at ho er ei italiensk elv, er Spöl ei sideelv til Inn og Donau, og ikkje Po, som dei fleste andre elvane i området.
Etter ein internasjonal avtale vart den kunstige innsjøen Lago di Livigno laga av Engadiner Kraftwerke i 1960-åra på grensa. Dette la den gamle landsbyen Livigno under vatn. Reservoaret har vore stengd for ålmenta fram til sommaren 2005 då det italienske landslaget i roing fekk nytte innsjøen til høgdetrening.
I dag er elva ei populær fiskeelv.
Bakgrunnsstoff
Kjelder