Sotho, eller sesotho som det blir kalla av sine eigne talarar, er eit bantuspråk som blir tala av basothoar i Sør-Afrika og Lesotho. Det er offisielt språk i begge landa. I Lesotho er sotho majoritetsspråk og blir tala av rundt åttifem prosent, medan i Sør-Afrika er rundt åtte prosent av innbyggjarane sothotalande. Til saman har språket mellom seks og sju millionar talarar.
Klassifisering
Sotho høyrer til sotho-tswana-språkgruppa av bantuspråk. Språket er også kjend som sørleg eller sør-sotho, og utgjer ei grein av språkgruppa. Nord-sothospråka eller sepedi er ei anna grein snakka i Sør-Afrika, medan den siste er setswana som blir tala i Sør-Afrika og Botswana.
Substantiv blir delte inn i 18 ulike ordklassar som blir markerte med ulike prefiks. Som andre bantuspråk har sotho samsvarsbøyiing mellom dei ulike ordklassane og verb, pronomen og adjektiv.
Skriftspråk
Sotho blir skrive med det latinske alfabetet. Skriftspråket blei først utvikla på 1800-talet av misjonærar frå Société des missions évangéliques de Paris til bibelomsetjingar. Skriftspråket blei dermed påverka av fransk ortografi.
Rettskrivinga i Lesotho og Sør-Afrika skil seg noko frå kvarandre i mellom anna val av bokstavar, uttrykking av nasalar i stavingsbyrjingar og i mindre grad i orddeling. I oversynet under er det brukt sørafrikansk ortografi.
heilt aspirert, finst for det meste i gamle lånord frå ngunispråk og i ideofonar
lekhokho skorpe i gryte
kg
x
sekgo spider
kx
alternativ til den velare frikativeen
kgale for lenge sidan
l
l
opptrer ikkje framfor (/i/ eller /u/), der han blir /d/
selepe øks
m
m
ho mamaretsa å lima
n
n
lenaneo
ng
ŋ
kan opptre først i ord
lengolo brev
ny
ɲ
som i spansk el niño
ho nyala å gifta seg
o
ʊ
potso spørsmål
o
pontsho prov
ɔ
mongolo skrift
p
pʼ
uaspirert
pitsa gryte
ph
p
aspirert
phuputso undersøking
pj
/pʃʼ/
alternativ tj
ho pjatla å koka godt
pjh
/pʃʰ/
aspirert versjon av lyden ove; alternativ tjh
mpjhe struts
q
ǃ
radikal
ho qoqa å prata
qh
ǃ
aspirert
leqheku eldre person
nq
ǃ
nasal, ofte uttalt som radikal klikkelyd
ho nqosa å skulda
r
ʀ
moriri hår
s
s
Sesotho
sh
ʃ
Moshweshwe Moshoeshoe I
t
tʼ
uaspirert
botala grønheit
th
t
tharollo løysing
tj
t͡ʃʼ
ntja hund
tjh
tʃ
ho ntjhafatsa å fornya
tl
t͡ɬʼ
ho tlatsa å fylla
tlh
tɬ
finst berre som ei nasal form av, eller alternativ til, hl
tlhaho natur
ts
t͡sʼ
ho tsokotsa å skylla
tsh
ts
aspirert
ho tshoha å reddast
u
u
tumo berømtheit
w
w
sewa epidemi
y
j
ho tsamaya å gå
Litteratur
Sotho har ein rik munnleg litteratur som omfattar myter, epos, soger, historiske hendingar, dikt, songar og ordtak.
Desse tekstane blei først skrivne ned av europeiske misjonærar frå 1830-talet. Eit døme på ei viktig samling sothosoger er Litsomo tsa Basotho ('Sogene til basothoane') som blei gjevne ut i to delar av presten E. Jacollett i 1909 og 1911.
Av nyare litteratur kan nemnast romanen Chaka av Thomas Mofolo frå 1925, som er omsett til fleire språk.