Songen In the Garden (1912)

«In the Garden» (stundom kalla opp etter den første linja «I Come to the Garden Alone») er ein gospelsong skriven av den amerikanske låtskrivaren C. Austin Miles (1868–1946), ein tidlegare farmasøyt som tente som redaktør og bestyrar i forlaget Hall-Mack i 37 år. I følgje oldebarnet til Miles, vart songen skriven «i ein kold, mørk kjellar i Pitman i New Jersey som ikkje ein gong hadde vindauge.»[1] Songen vart først publisert i 1912 og gjort populær under vekkelsesmøta til Billy Sunday tidleg på 1900-talet av to av personane han hadde med seg, Homer Rodeheaver og Virginia Asher.

Roy Rogers og Dale Evans spelte inn songen med vokalkvartett og orkester 3. mars 1950.[2] Tennessee Ernie Ford framførte songen i 1956 på albumet Hymns. Ei innspeling frå 18. juni 1958 av Perry Como kom ut på albumet When You Come to the End of the Day.[3] Rosemary Clooney spelte inn songen i 1959 på MGM Records-albumet Hymns from the Heart. Han vart òg nytta side om side av «Blue Tail Fly» nær yrjinga av filmen The Ballad of the Sad Cafe. Doris Day spelte inn songen i 1962 på albumet You'll Never Walk Alone. Elvis Presley spelte inn songen på gospelalbumet How Great Thou Art (1967). Willie Nelson spelte inn songen i 1976 på gospelalbumet The Troublemaker.[4] Glen Campbell spelte inn songen i 1989 på gospelalbumet Favorite Hymns. Songen er med i plateboksen til Johnny Cash, Cash Unearthed, som kom ut posthumt i november 2003.[5]

Innspelingar

Kjelder

  1. Note about Miles
  2. It was released by RCA Victor Records as catalog number 21-0344 (in USA) and by EMI on the His Master's Voice label as catalog numbers IP 875 and JDF 393.
  3. RCA Victor Records catalog number LSP-1885.
  4. Columbia Records catalog number KC 34112.
  5. American Recordings catalog number B0001679-02.

Bakgrunnsstoff

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!