«Friends» er ein song skriven av Brian Wilson, Carl Wilson, Dennis Wilson og Al Jardine for det amerikanske popbandet The Beach Boys. Han vart gjeven ut i 1968 på albumet deira Friends. Han vart òg gjeven ut som singel med «Little Bird» som B-side. Singelen nådde 47. plass i USA og 25. plass i Storbritannia. Songen vart spelt inn i mars 1968.
Solovokal er ved Carl Wilson.
«Friends» er skriven i valsetakt og har i følgje biografen Peter Reum vorte nytta på Berklee College of Music for å lære studentane korleis ein kan skrive i 3/4-takt.
Kjelder