Solange Berry (6. juni 1930–26. januar 2018) var ein belgisk songar.
Ho er kjend for tolkinga si av songen «Dis moi Quelque Chose De Gentil» i filmen Et Dieu… créa la femme av Roger Vadim frå 1956.
Berry representerte Luxembourg i Eurovision Song Contest 1958 med songen «Un grand amour» og enda på sisteplass med eitt poeng, saman med bidraget til Nederland. I 1960 deltok ho i den belgiske nasjonale finalen i Eurovision Song Contest, men fekk ikkje representere landet.
Diskografi
Solange Berry gav ut fem EP-ar:[1]
- 1955: Chanson pour tous
- 1956: Que sera, sera
- 1957: Les Mirettes
- 1959: Sous les toits de Paris
- 1967: Maintenant, quand vient le printemps
Kjelder