Verdsmeisterskapen på skeiser 1994 for kvinner vart avvikla i Butte i delstaten Montana i USA helga 5. og 6. februar 1994. 23 utøvarar frå 11 land deltok i stemnet, av dei to frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1500 m, 3 000 m og 5 000 meter.
Emese Hunyady frå Austerrike vart verdsmeister etter å ha fått bestetid på dei tre lengste distansane, medan tyske Ulrike Adeberg gjekk den snøggaste 500-meteren og vart nummer to i meisterskapen.
Skeise-VM 1994
Dato: 5./6. februar 1994
Kjelder