Verdsmeisterskapen på skeiser 1988 for kvinner vart avvikla på nybygde Skien isstadion i Noreg helga 12. og 13. mars 1988. 28 utøvarar frå 14 land deltok i stemnet, av dei einast ein frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1500 m, 3 000 m og 5 000 meter.
Tittelforsvarar Karin Enke frå Aust-Tyskland fekk bestetider på dei tre fyrste distansane og vart verdsmeister framom nederlandske Yvonne van Gennip som sigra på den avsluttande 5 000-meteren.
Resultat
Kjelder
| Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. |