I Skedsmo fann ein byenLillestrøm. Andre større stader i kommunen var Skjetten, Strømmen, Skedsmokorset og Kjeller. Alle desse stadene, inkludert Lillestrøm, er funksjonelt del av Oslo by. Tettstaden Leirsund, aust i kommunen, strekker seg inn i nabokommunen Sørum.
Handel var ei hovudnæring i kommunen, med store handelsstader som Strømmen storsenter, Norges Varemesse og Exporama på Hellerudsletta. På Kjeller er lokalisert eit større forskningsmiljø. Høgskolen i Akershus og Kunnskapsbyen Lillestrøm driv med utdanning og utvikling på ei rekke område.