«Sister Morphine» er ein song som opphavleg kom ut på singel av den britiske songarinna Marianne Faithfull og seinare gjort populær av The Rolling Stones på albumet deira Sticky Fingers frå 1971. Songen er skriven av Mick Jagger og Keith Richards, og sidan 1994 har òg Faithfull vore tilskriven.
Stones-utgåva vart spelt inn i mai og juni 1969, men dei gav han ikkje ut på singel. Med Jagger på vokal, hadde songen i tillegg Ry Cooder på slidegitar, Keith Richards på akustisk gitar og Jack Nitzsche på piano.
Ei konsertutgåve av songen finst på No Security.
Kjelder