1 300 høgdemeter under Simplonpasset går den knapt 20 km lange jarnbanetunnelen Simplontunnelen.
Soge
Fjellovergangen har vore trafikkert med muldyr sidan 1600-talet. Ei internasjonal rolle fekk Simplonpasset først då passvegen vart bygt under Napoleon, mellom 1801 og 1805. Samstundes vart det bygt eit hospits på passhøgda. Sidan gjekk faste postruter over Simplonpasset. Etter byggjing av mange rasoverbygg, kunne vegen i 1970 opnast for heilårstrafikk.