«Set Me Free» (norsk 'set meg fri') er ein israelsk song frå 2021 med songaren Eden Alene. Songen er skriven av Amit Mordechai, Ido Netzer, Noam Zaltin og Ron Carm. «Set Me Free» vann den israelske songtevlinga HaShir Shelanu L'Eurovizion 25. januar 2021 og var det israelske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.
Eurovision Song Contest
Alene skulle ha representerert Israel i Eurovision Song Contest 2020 etter å ha vunne tevlinga HaShir HaBa L'Eurovizion i mars 2020, men Eurovision Song Contest vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien.[2] I staden vedtok den israelske kringkastaren Israels offentlege kringkastingsselskap at Alene skulle representere Israel i Eurovision Song Contest 2021. Ho framførte tre låtar under den israelske songtevlinga HaShir Shelanu L'Eurovizion på Kan 11 måndag 25. januar 2021.[3] «Set Me Free» fekk klårt flest telefonrøyster med 71,3 prosent av røystene.[4] Songen vart dimed kåra til det israelske bidraget til Eurovision Song Contest i Rotterdam i Nederland i mai 2021.
Israel deltok i den fyrste semifinalen tysdag 18. mai 2021 og vart nummer 5 med 192 poeng.[5] Som eit av dei ti beste bidraga i semifinalen, kvalifiserte «Set Me Free» seg til finalen laurdag 22. mai.[6] I finalen var songen det tredje bidraget ut på scena av 26 deltakarar. Til slutt enda «Set Me Free» på 17. plass med 93 poeng.[7]
Listeplasseringar
Kjelder