Toho, Mikado Film, Universal Pictures, Lucky Red Distribuzione, Walt Disney Studios Motion Pictures International, Walt Disney Pictures, HBO Max, Netflix
Utgjevingsdato
20. juli 2001 (Japan),[1][2] 19. juni 2003 (Tyskland),[3] 4. april 2001, 20. september 2002 (USA),[2] 2001, 20. juli 2001[4]
Sen to Chihiro no kamikakushi (千と千尋の神隠し), kalla Chihiro og heksene på norsk, er ein japansk anime-film frå 2001. Filmen er regissert av den japanske anime-regissøren og manga-teiknaren Hayao Miyazaki, og laga ved Studio Ghibli.
Filmen handlar om den vesle jenta Chihiro Ogino som flyttar til landet med foreldra sine, Akio og Yūko. Under flyttinga køyrer dei seg vill og oppdagar ein tunnel, og av rein nysjerrigheit går dei inn, uvitande om at den faktisk er ein inngang til åndeverda - blant anna til eit badehus der åndene og gudane (inspirert av den shintōistiske religiøse tradisjonen) dreg for å kvile og slappe av. Familien går inn i det som tilsynelatande er ein forlaten fornøyelsespark full av restaurantar, og «Chihiro» sine foreldre finn seg med ein gong ein stad å ete og forsyner seg av maten. Gjennom ein serie med forviklingar må «Chihiro» finne seg arbeid i badehuset til åndene for å redde seg sjølv og foreldra ut av åndeverda.