Han har spela som keeper for Udinese i Italia, og for det slovenske landslaget.
Handanovič vart fødd i Ljubljana og begynte karrieren sin i Domžale. Han fekk kontrakt med Udinese sommaren 2004. Sommaren 2005 var han på lån til Treviso og seinare same sesongen til Lazio. Sesongen 2006-2007 var han på lån til Rimini i Serie B. Sommaren 2007 kom han attende til Udinese, der han skreiv under på ein ny og forbetra kontrakt, som varer til 30. juni 2012. Den same sesongen vart han førsteval som keeper for Udinese, og også for det slovenske landslaget.
Søskenbarnet hans, Jasmin Handanovič, er også ein fotballkeeper med landskampar for Slovenia.
Kjelder
Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk og slovensk wikipedia 8. mars 2010.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.