Sally Oldfield |
|
Fødd | 3. august 1947 (77 år) |
---|
Fødestad | Dublin i Irland |
---|
Fødenamn | Sally Patricia Oldfield |
---|
Opphav | Storbritannia |
---|
Aktiv | Sidan 1968 |
---|
Sjanger | pop, folk |
---|
Verka som | Songar-låtskrivar |
Sally Patricia Oldfield (fødd 3. august 1947)[1] er ein irskfødd britisk visesongar, og syster til musikarane Mike og Terry Oldfield.
Oldfield starta musikkarrieren sin tidleg i 1968, då ho spelte inn ein demo i lag med den yngre broren Mike Oldfield. Desse innspelingane vart føreslått og overvaka av Mick Jagger. Det er ikkje kjend kva som skjedde med desse innspelingane.[2] Kort tid etter skip ho ein viseduo, The Sallyangie, i lag med broren Mike. Duoen fekk kontrakt med Transatlantic Records og spelte inn eit enkelt album, etter tilråding frå Pentangle-gitaristen John Renbourn, som Oldfield møtte på Troubadour Folk Club i Bristol. Albumet Children of the Sun vart spelt inn i august 1968.
Oldfield var sidan gjesteartist på korvokal på fleire av albuma til broren Mike, inkludert Tubular Bells. Oldfield sjølv gav ut det første soloalbumet sitt, Water Bearer, i 1978. Songen hennar «Mirrors» frå dette albumet vart gjeven ut på singel og nådde 12. plassen på UK Singles Chart.[3] Sidan den gongen har ho gjeve ut femten soloalbum.
I tillegg til broren har ho sunge i lag med Steve Hackett og Justin Hayward frå The Moody Blues.
Diskografi
Solo
- 1978 – Water Bearer
- 1979 – Easy
- 1980 – Celebration
- 1981 – Playing in the Flame
- 1982 – In Concert
- 1983 – Strange Day in Berlin
- 1987 – Femme
- 1988 – Instincts
- 1990 – Natasha
- 1992 – The Flame as 'Natasha Oldfield'
- 1994 – Three Rings
- 1996 – Secret Songs
- 2001 – Flaming Star
- 2009 – Cantadora
- 2012 – Arrows of Desire
- 2018 – The Enchanted Way
- 2019 – Mystique
Med Steve Hackett
Med Mike Oldfield
Kjelder
- ↑ Oldfield, Mike (2007). Changeling, the autobiography of Mike Oldfield. Virgin Books. «According to her younger brother Mike Oldfield, she's six years older than he is, Mike being born in 1953»
- ↑ Oldfield, Mike (2007). Changeling, the autobiography of Mike Oldfield. Virgin Books. s. 69–70. «My first experience of recording came ... I was just marking time and waiting for my fifteenth birthday»
- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 405. ISBN 1-904994-10-5.