Fylket er 455 km² stort og har eit folketal på 540 715.[2]
Administrasjonssenteret er Half Way Tree.
Fylket er tettast folkesett i vest. Tettstaden danna av hovudstaden Kingston breier seg inn i fylket, som mellom anna omfattar bydelen Trenchtown. Andre busetnader er Half Way Tree, Cross Roads og Constant Spring. Dei viktigaste jordbruksprodukta er kaffi og grønsaker.[2]
University of the West Indies ligg i Saint Andrew Parish, rundt 11 km nordaust for Kingston. University of Technology (tidlegare College of Arts, Science and Technology) ligg også i nærleiken.[2]