Rød er ein gard i Fana i Bergen kommune på søraustsida av Fanafjorden, nord for Krokeide.
Namn
Namnet kjem av det norrøne ruð, som tyder rydning.
Historie
Garden høyrte til Lyseklostergodset til brukarane sjølv tok over i 1873 og 1875.
Geografi
Garden ligg på søraustsida av Fanafjorden langs vegen utover til Krokeide. Folldalshaugane (300 moh) ligg aust for garden.
Garden grensar til Salbu i nord, Nordvik i aust og Krokeide i sør.
Kjelder
Bakgrunnsstoff