25. august 1942 under Operasjon Wunderland møtte den tyske kryssaren«Admiral Scheer» den russiske isbrytaren Sibirjakov under kaptein Katsjarev sin kommando like utanfor nordvestkysten av Russkijøya. Isbrytaren gjorde heroisk motstand men sokk til slutt etter eit ujamnt slag. «Admiral Scheer» segla så sørvestover for å gå til åtak på sovjetiske militærinstallasjonar ved Dikson.