Rudolf II av Habsburg (18. juli 1552–20. januar 1612) var ein tysk-romersk keisar (1576-1612), samt konge over Ungarn (1572-1608) og Böhmen (1575-1611).
Rudolf var ein viktig fremjar av kunst og vitskap, men samstundes ein veik herskar. I det minste i sine siste år var han regjerigsudyktig. Den lange tyrkarkrigen, 1591-1606, føregjekk under hans styringstid. Mangel på handlekraft forsterka ei pågåande krise i riksstyringa. Erkehertug Matthias og andre medlemer av Habsburg-dynastiet vende seg etter kvart mot han og strippa han suksessivt frå alle maktposisjonar.
Kjelder
Denne artikkelen er ei
spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å
utvide han.