Breitscheid var son av ein bokhandlar i Köln. Han tok gymnas i heimbyen, og studerte sidan økonomi ved universiteta i München og Marburg. Han tok doktorgrada i 1898. Frå 1898 til 1905 arbeidde han som redaktør og korrespondent for aviser med liberalt grunnsyn. Mellom 1903 og 1912 var han med i liberale politiske grupper, men slutta seg dette året til SPD. I 1917 gjekk han vidare til det meir venstreorienterteUSPD, som bestod av krigsmotstandarar frå SPD.
Etter kløyvinga av USPD, var Breitscheid med i den gruppa som i 1922 gjekk tilbake til SPD. Han var riksdagsmann, SPD-gruppa sin talsmann i utanrikssaker, og medlem i den tyske delegasjonen til Folkeforbundet.
Presise detaljar om Breitscheid sine siste år er vanskeleg å få tak i, då mesteparten av informasjonen kjem frå nazi-kjelder. Ifølgje desse døydde Breitscheid og KPD-leiaren Ernst Thälmann i eit bombeåtak. Når det gjeld Thälmann er dette ikkje rett, så det kan vere like feil i Breitscheids tilfelle. Han kan liksom Thälmann ha vorte drepen på ordre frå høgste hald. Iallfall døydde han i ein nazistisk konsentrasjonsleir, så det er klart kor ansvaret for dødsfallet ligg.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2019