Romarane viste til år ved hjelp av namna til dei som var konsular det året, noko som viste kor viktig embetet var. Til dømes ville dei omtala året 59 f.Kr. som «konsulatet til Cæsar og Bibulus», ettersom dei to konsulane det året var Julius Cæsar og Marcus Calpurnius Bibulus. Fordi konsullistene er tekne vare på er det derfor mogleg å datera mange hendingar i romersk historie mykje meir sikkert enn det ein kan for andre oldtidsrike.
Konsular blei vald mot slutten av året, og embetsperioden tok til 1. januar. Under republikken var minimumsalderen for å bli vald til konsul 40 år for patrisiarar og 42 år for plebeiarar.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.