Rob Fraboni |
|
|
Fødd | 23. april 1951 (73 år) |
---|
Opphav | USA |
---|
Aktiv | Sidan 1970 |
---|
Sjanger | Rock, blues, reggae, folkemusikk, rootsreggae, jazz, verdsmusikk |
---|
Instrument | Trommer/perkusjon |
---|
Tilknytte artistar | Rolling Stones, Bob Dylan, The Band, Eric Clapton, Tim Hardin, The Beach Boys, Joe Cocker, Wayne Shorter, Bonnie Raitt, Melissa Etheridge, Etta James, Milton Nascimento, Hubert Sumlin, Bob Marley and the Wailers |
---|
Plateselskap | Island Records, Elektra Records, Warner Bros. Records, Arista Records, RSO Records |
---|
Verka som | Produsent/lydteknikar |
Rob Fraboni (fødd 23. april 1951)[1] er ein USA-amerikansk plateprodusent og lydteknikar, kjend for arbeidet sitt med Bob Dylan, The Band, Eric Clapton, The Rolling Stones, Tim Hardin, The Beach Boys, Joe Cocker og Bonnie Raitt, og som visedirektør i Island Records der han hadde ansvaret for ommastringa av heile katalogen til Bob Marley.[2] Han produserte filmmusikken til Martin Scorsese-filmen The Last Waltz, med ei rekkje rockestjerner. Han bygde og designa det legendariske studioet Shangri-La i Malibu etter spesifikasjonane til Bob Dylan og The Band. Han vart omtalt som eit «geni» av Keith Richards i sjølvbiografien hans Life.[3]
Kjelder
Bakgrunnsstoff