Riaz Ahmed Gohar Shahi (25. november 1941–25. november 2001)[1] var ein muslimsk sufi, forfattar og grunnleggaren av den religiøse rørsla Anjuman Serfaroshan-e-islam.[2][1]
Liv
Gohar Shahi vart fødd i landsbyen Dhok Gohar Sjah i distriktet Rawalpindi, som i dag ligg i Pakistan.[1] Han tok til å interessera seg for religiøse studiar i tjueåra, men gjekk så ut i arbeidslivet, fann seg kone og stifta familie. Då han var rundt 34 år reiste han til Shorkot for å studera hjå sultan Bahuhj.[1] I tre år reiste han rundt i fjellområda ved Sehwan Sharif og Laal Bagh og fortalte om tankane sine. Etter ei stund tok han til å få tala i moskear, hindu- og sikhtempel og kyrkjer.
Kontrovers
Læra hans og påstandar, som til dømes at han hadde møtt Jesus i USA,[3] førte til motstand og påstander om blasfemi både frå ortodokse muslimar og frå styresmaktene i Pakistan.[4] At tilhengjarane til Shahi påstod at dei kunne sjå avbildingar av han på månen, på sola og på Kaba-steinen i Mekka gjorde ikkje motstanden mot han mindre. Bøkene hans vart forbodne av delstatsregjeringa i Panjab,[4] og han blei utsett for drapsforsøk etter at det blei lyst ut ein fatva mot han.[5] I Manchester var ei bensinbombe kasta mot heimen hans og i Kotri i Pakistan vart det kasta granatar mot heimen hans.
I 1997 vart Gohar Shahi tiltala for å ha drepe ei kvinne som kom til han for å få andeleg rettleiing. Han og fleire av tilhengarane hans vart seinare dømde for blasfemi mot islam av ein antiterrortdomstol i Sindh.[6][6] Shahi rømde til England før rettssaka og vart dømd in absentia.[7]
Gohar Shahi døydde av lungebetennelse den 25. november 2001 i Manchester.[1] Lekamen hans vart frakta til Pakistan og gravlagd i Markazi Aastana i Kotri. Han etterlét seg ei enke, fem søner og ei dotter.[1]
Verk
Gohar Shahi skreiv fleire bøker og avhandlingar:
- Ruhani Safar ('Åndeleg reise')
- Menara-e-Noor ('Ljosets minaret')
- Roshnash ('Ei innføring')
- Tuhfa-tul-Majalis ('Gåver frå forsamlingar')
- Deen-e-Illahi ('Gud sin religion')
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 President of ASI
- ↑ Gohar Shahi, chief of Anjuman-e-Sarferoshan-e-Islam, granted pre-arrest bail, DAWN / NEWS International, 18/11-1997.
- ↑ Jesus meets Gohar Shahi i Amerika
- ↑ 4,0 4,1 SC moved against ban on controversial book, Daily Times, 8/7-2004.
- ↑ The fatwas given by Ulama regarding Riaz Ahmed Gohar Shahi (R.A.G.S.).
- ↑ 6,0 6,1 Country reports on human rights practices , US Deparment of State, 2000.
- ↑ Int’l Religious Freedom Report - May, 2001
Bakgrunnsstoff