Rheine er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 75 000 innbyggjarar. Byen er den største byen i kreisen Steinfurt og ligg ved elva Ems, om lag 40 km nord for Münster, 45 km vest for Osnabrück og 45 km aust for Enschede (Nederland).
Historie
Sjølv om området rundt byen har vore busett sidan førhistorisk tid vart Rheine først nemnd i eit dokument signert av Ludvig I i 838. 15. august 1327 fekk Rheine byrettar av Ludvig II, biskop av Münster.
Byen vart grunnlagd der to gamle handelsvegar kryssa forbi, og ved ein vadestad over Ems. Frankiske soldatar sikra dette strategiske punktet med ein kasernegard, og seinare vart det bygd ei kyrkje og fleire bygningar ved utposten.
Mot slutten av trettiårskrigen vart byen lagt i oske. Svenske og hessiske troppar omleira keisaren sine soldatar som forskansa seg i Rheine. 20. og 21. september og 19. oktober 1647 vart brennande kanonkuler avfyrt mot byen og 365 hus brann ned.
Under industrialiseringa blømde tekstilindustrien i byen. Han var ein viktig økonomisk faktor for Rheine fram til andre halvdel av 1900-talet.
Kjelder
Bakgrunnsstoff