Reidar Lorentzen (fødd 22. september 1956) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Hammerfest som vann 13 NM-medaljar i spydkasting, tre av dei i gull. Han var i alle år medlem i oslolaget IK Tjalve. Annemarie Lorentzen var mor hans og friidrettsutøvaren Harald Lorentzen ein eldre bror.
Aktiv
Lorentzen tok steget opp i noregstoppen den 1. september 1979 med eit spydkast på 87,32 m. Dei neste åra vart han nasjonalt ståande litt i skuggen av Per Erling Olsen, sjølv om han i åtte-ni sesongar framover heldt internasjonalt nivå. Då Lorentzen den 11. mai 1985 vann eit stemne i Fredrikstad med ny personleg rekord på 88,54 meter, hadde av nordmenn einast Terje Pedersen, den tidlegare verdsrekordhaldaren, og Per Erling Olsen kasta spydet lenger.
Lorentzen deltok i spydkasting i EM 1982, Sommar-OL 1984 og EM 1986. Han vart niandemann med eit kast på 80,40 m under EM 1982 i Aten, medan han rauk ut i kvalifiseringa både i Los Angeles i 1984 og i Stuttgart i 1986.
Han fekk ikkje heilt same dreisen med spydtypen som vart innført frå 1986. Den personlege rekorden med spydtypen er på 80,06 meter, oppnådd 14. august 1988 under noregsmeisterskapen i Byrkjelo. Det var faktisk hans fyrste NM-tittel, etter han hadde vunne seks sølvmedaljar og to bronsar i tidlegare NM. Han forsvarte NM-tittelen i 1989 og tok sitt tredje NM-gull i 1991.
Lorentzen la opp i 1995. Pr 2016 er det berre Andreas Thorkildsen, Pål Arne Fagernes og Rohnny Nilsen som er framom han på noregsstatistikken over lange spydkast.
Medaljar i norske meisterskap
- 1979: Sølvmedalje i spydkast – 84,92 m, bak Terje Thorslund (85,74 m)
- 1981: Sølvmedalje i spydkast – 78,08 m, bak Per Erling Olsen (78,52 m)
- 1982: Sølvmedalje i spydkast – 75,74 m, bak Per Erling Olsen (84,30 m)
- 1983: Sølvmedalje i spydkast – 71,70 m, bak Per Erling Olsen (82,94 m)
- 1984: Bronsemedalje i spydkast – 78,08 m
- 1985: Bronsemedalje i spydkast – 73,34 m
- 1986: Sølvmedalje i spydkast – 74,64 m, bak Øystein Slettevold (76,88 m)
- 1987: Sølvmedalje i spydkast – 78,10 m, bak Narve Hoff (78,54 m)
- 1988: Gullmedalje i spydkast – 80,06 m, framom Mathias Lilleheim (74,26 m)
- 1989: Gullmedalje i spydkast – 73,12 m, framom Mathias Lilleheim (69,84 m)
- 1991: Gullmedalje i spydkast – 74,94 m, framom Arne Indrebø (74,30 m)
- 1992: Bronsemedalje i spydkast – 70,74 m
- 1993: Sølvmedalje i spydkast – 70,48 m, bakom Arne Indrebø (74,72 m)
Personlege rekordar og årsbeste med den eldre spydtypen
År |
1975 |
1976 |
1977 |
1978 |
1979 |
1980 |
1981 |
1982 |
1983 |
1984 |
1985
|
Lengde (m) |
72,40 |
76,14 |
74,26 |
79,14 |
87,32 |
83,68 |
84,88 |
85,82 |
84,80 |
88,46 |
88,54
|
Kasta frå 1979 (87,32 m), 1982 (85,82 m), 1984 (88,46 m) og 1985 (88,54 m) var alle årsbeste i Noreg.
Personlege rekordar og årsbeste med dagens spydtype
År |
1986 |
1987 |
1988 |
1989 |
1990 |
1991 |
1992 |
1993
|
Lengde (m) |
77,62 |
78,10 |
80,06 |
73,12 |
74,50 |
74,94 |
70,74 |
70,48
|
Kasta frå 1986 (77,62 m), 1988 (80,06 m), 1989 (73,12 m) og 1991 (74,94 m) var alle årsbeste i Noreg.
Kjelder