Reidar Hagen (25. oktober 1923–22. november 1982) var ein norsk friidrettsutøvar frå Kvikne i Nord-Fron som vart noregsmeister fire gongar i diskoskasting i tida 1953-57. Han var medlem i Vinstra IL.
Hagen sikra seg i perioden 1952–61 anten gull- eller sølvmedaljen i diskosøvinga under noregsmeisterskapen i friidrett. Åra 1953, 1954 og 1956, 1957 vann han gullmedaljen. Hagen presterte livsbeste då han på Tretten den 19. juni 1960 slengde diskosen 52,83 meter.
Kjelder