Rehov, òg kalla Rehob,[1] var ein viktig by i bronse- og jernalderen i Tel Rehov (hebraisk תל רחוב) og ein arkeologisk stad i Jordandalen i Israel, kring 5 km sør for Beit She'an og 3 km vest for Jordanelva. Ein av dei største by-haugane frå antikken i Israel ligg her, med eit areal på 120 000 m² og delt inn i ein «Øvre by» (40 000 m²) og ein «Nedre by» (80 000 m²). Det eldste kjende funnet av biavl i verda er funne i Rehov.[2] Rehov var ein felles israelittisk-kanaanittisk by, og det er estimert at folketalet var 2 000.
Arkeologiske utgravingar
Ein har utført arkeologiske utgravingar i Rehov nesten kvart år sidan 1997, leia av Amihai Mazar, som er professor ved arkeologisk institutt ved Hebraisk universitet i Jerusalem, og hovudsakleg betalt av John Camp.
Rehov har vist å vere eit viktig arkeologisk funn. Nivåa frå jernalderen II har særleg vist å vere ein viktig del i den pågåande debatten om tidsavgjersla Det samla kongedømet Israel av Israel. Det er gjort viktige funn frå tidleg bronsealder, sein bronsealderen og mellomalderbusetjinga på staden.
Eldgamle bikubar
I september 2007 vart det rapportert om eit funn av 30 intakte bikubar og restar av 100-200 fleire frå midten av 900-talet fvt. og tidleg på 800-talet fvt. i ruinane av Rehov.[3] Bikubane var bevis for ein avansert honningproduserandebiavlsindustri (jordbruk) for 3000 år sidan. Bikubane, som var laga av strå og leire, vart funnen i metodiske rekkjer på 100 bikubar.[4] Tidlegare har referansar til honning i gamle tekstar frå regionen (som uttrykket «landet av mjølk og honning» i Det gamle testamentet) trudd å berre ha synt til honning frå dadlar og fiken. Oppdaginga har bevist kommersiell produksjon av bihonning og bivoks.
I tillegg til bikubar vart det funne restar av bier og bilarver og pupper. Ved hjelp av DNA frå restane av bier på staden, fann forskarar i 2010 at biene var underartar som likna på anatolisk bier, som ein no berre finn i dagens Tyrkia. Det kan hende at beitelandet til biene har endra seg, men meir truleg er det at innbyggjarane i Tel Rehov importerte bier fordi dei var mindre aggressive enn dei lokale bien og høvde betre for honningutbytte (tre ti låtte gonger meir enn naturlege israelske bier).[5]
Arkeologiske funn syner òg omfattande handel mellom Israel og det austlege Middelhavet og teknikkar for overføring av bier i store keramikkvasar eller berbare bikubar. Eit assyrisk stempel frå 700-talet fvt. syner at biene vart frakte 400 km sørover frå Tyrenfjella sør i Tyrkia.[6]