Randy Jo Hobbs (22. mars 1948–5. august 1993) var ein USA-amerikansk musikar frå Winchester i Indiana. Hobbs spelte bass for The McCoys frå 1965 til 1969 og i band med brørne Edgar Winter og Johnny Winter frå 1970 til 1976.[1][2][3]
Han spelte bass med Jimi Hendrix på somme konsertopptak i 1968 som seinare uoffisielt kom ut som Woke Up This Morning and Found Myself Dead (1980)[4] og New York Sessions (1998), og offisielt Bleeding Heart (1994). Han spelte òg bass med ei seinare utgåve av Montrose, og spelte på Jump on It frå 1976.[5] Det same året spelte han bass på Rick Derringer-albumet Glass Derringer.
Randy Jo Hobbs vart funnen død av hjartesvikt, 45 år gammal, på eit hotellrom i Dayton i Ohio, i 1993 og er gravlagd i heimbyen Union City i Indiana.[6]
Kjelder