«Ramblin' Man» er ein song av det USA-amerikanske rockebandet The Allman Brothers Band, gjeve ut i august 1973 som den første singelen frå det fjerde albumet deira, Brothers and Sisters (1973). Songen vart skriven og sungen av gitaristen Dickey Betts og var inspirert av ein song med same namn av Hank Williams frå 1951. Songen er langt meir countryprega enn tidlegare Allman Brothers Band-songar, noko som gjorde at gruppa var motvillig til å spele han inn. Gitaristen Les Dudek spelte gitarharmoniar og det var ein av dei siste songane bassisten Berry Oakley bidrog til før han omkom.
Songen vart den første og einaste singelen til The Allman Brothers Band som nådde topp 10 i USA då han nådde andreplassen på Billboard Hot 100-lista og 12. plassen på Easy Listening-lista.[1]
I populærkulturen
«Ramblin' Man» kan høyrast i filmen Exoristen frå 1973 på ein jukeboks i ein bar der to prestar pratar over ein øl. Songen vart òg nytta i ein barscene i filmen Casey's Shadow i 1978 og det same vart han i filmen When Harry Met Sally... frå 1989. Songen er òg blitt nytta i fjernsynsseriane Supernatural og Hart of Dixie, og i filmen Big Fish.
Isobel Campbell og Mark Lanegan spelte inn songen på albumet Ballad of the Broken Seas.
Salslister
Liste (1973-74)
|
Plassering
|
Australia (Go-Set) [2]
|
40
|
Canadian RPM Adult Contemporary
|
15
|
Canadian RPM Top Singles
|
7
|
US Billboard Hot 100
|
2
|
US Billboard Easy Listening[3]
|
12
|
US Cashbox Top 100
|
1
|
Kjelder
|
---|
|
Studio- og samtidige konsertalbum | |
---|
Retrospektive konsertalbum | |
---|
Samlealbum og boksar | |
---|
Videoalbum | |
---|
Originale songar | |
---|
Tilknytte band | |
---|
Tilknytte artriklar | |
---|
|