Breidda på halvøya varierer frå 55 til 90 km og er stort sett flat (det høgaste punktet er 103 meter over havet) og steinete. Kjende kjennemerke er saltsletta ved kysten, kalksteinsformasjonar (Dukhan-antiklinalen) langs vestkysten over Dukhan oljefelt og massive sanddyner kring Khawr al Udayd, ei vik i Persiabukta i søraust som av lokale vert kalla Innlandshavet.
Generell topografi
Qatarhalvøya er lågtliggande og utgjer toppen av Qatarbogen, ein av dei største strukturane til den arabiske plata.[1] Ho er omringa av laus sand og grus broten laus frå utstikkande kalkstein. I aust finst jamne sletter der overflata er dekkka av finkorna støv. I sør og sørvest på halvøya finn ein sanddyner og saltsletter.[2]
Det ligg fleire flate, lågtliggande øyar utafor kysten i tillegg til fleire korallrev. I område der saltvatnet har kome i kontakt med det lågliggande landet, har det oppstått mange saltpanne har danna nær kysten.[2]
Klima
Den lange sommaren frå mai til september er prega av intens varme og periodar med både låg og høg råme. Temperaturen kan ofte nå 50 °C. Temperaturane er meir moderate frå november til april, med temperaturar frå opp til 39 °C i april til så lågt som 7 °C i januar.[3] Det regnar lite i landet, kring 100 mm i året, og stort sett berre om vinteren i korte, og stundom kraftige byer som skapar flaum i små rainer og vanlegvis tørre wadiar.[4]
Brå, kraftige støvstormar kjem stundom inn over halvøya, blokker sola og fører til skadar i den kraftige vinden. Dette påverkar både transport og andre tenester.[4]
Mangelen på regn og avgrensa vatn underjorda, som stort sett er så mineralrikt at det ikkje går an å drikke eller bruke til vatning, har avgrensa folketalet og jordbruksutviklinga i landet, før ein fekk ordentlege avsaltingsanlegg. Desse vert nytta til å avsalte sjøvatn.[4]
Vegetasjonssoner
Sjølv om det meste av landet består av sandørkenar, er ein liten del av landet delt inn i forskjellige vegetasjonssoner, der tre, siv og kratt som tamarind og muskat. Desse regionane finn ein hovudsakleg i aust, nær kysten.[5]
Areal og landegrenser
Qatar har ei landegrense, mot Saudi-Arabia i sør. Grensa med Saudi-Arabia vart fastslått i 1965, men aldri teikna ned. Nordvestkysten av Qatar ligg mindre enn 30 km frå hovudøya i Bahrain, meden dei mindre Hawarøyane i Bahrain berre ligg 1,4 km utafor kysten.[4]
Maritime krav
kontinuerleg sone:
24 nautiske mil
eksklusiv økonomisk sone:
som fastsett i bilaterale avtalar, eller midtlinja.
territorialfarvatn:
12 nautiske mil
Øyar
Av øyar som høyrer til Qatar er Halul den viktigaste. Ho ligg kring 90 km aust for Doha og tener som lagringsområde og lasteterminal for olje frå dei kringliggande offshorefelta. Hawarøyane ligg like utafor vestkysten og vert gjort krav på av både Qatar og Bahrain.[4]
Miljøavtalar
Qatar er deltaktig i avtalar som omfattar følgjande internasjonale miljøvernsavtalar:[6]
↑ 2,02,1Abdul Nayeem, Muhammad (1998). Qatar Prehistory and Protohistory from the Most Ancient Times (Ca. 1 000 000 to End of B.C. Era). Hyderabad Publishers. s. 2. ISBN9788185492049.