Píros (gresk Πείρος) eller Peiros er ei elv sentralt og nordvest i periferieininga Akhaía i Hellas. Elva har lokalt mange namn som Kamenítsa (Καμενίτσα), Méllas (Μέλλας), Píeros (Πίερος), Nezerítiko (Νεζερίτικο), Prévedos (Πρέβεδος) og Akhelóos (Αχελώος).
Píros er den lengste elva Akhaía. Ho har utspring aust i Erýmanthosfjellet og renn gjennom kommunane Kalávryta, Trítéa og inn i Khaikáli og Tóskes, og så vidare gjennom Olenía og Dými. Elva munnar ut i Pátrabukta vest for Alissós og aust for Káto Akhaía. Det er planlagd å byggje ei demning på elva som vil danne Píros-Parapíros-reservoaret. Dette vil gje straum til Pátra.
Elva ligg nær to antikke byar, Ólenos i Dými og Farrai (Farrés).
Kjelder