«Psycho» er ein song av det britiske alternativ rockebandet Muse frå det sjuande studioalbumet deira Drones, utgjeve den 12. mars 2015 som ein marknadsførande singel.[3]
Komposisjon
Songen sin hovud riff har blitt brukt på fleire live-framsyningar opp gjennom åra Muse har opptredd. Den blei skildra av NME som ein riff «utvikla i laupet av seksten år».[4] Den var mest kjend for å ha blitt brukt mellom «Stockholm syndrom» og «Take a Bow» i livealbumet HAARP.
Matthew Bellamy refererte til songen sin eksplisitte tekst som «for støytande for radio» då han svarte på eit spørsmål frå ein fan på Twitter-kontoen sin.[5]
Utgjeving
Matthew Bellamy annonserte songen den 28. februar 2015 på Twitter-kontoen sin, saman med ein link til ein artikkel om hjernevasking som det seinare blei stadfesta at var relatert til songen.[6] Den 8. mars 2015 lasta Muse opp eit kort klipp av at dei mixa sporet på Instagram-kontoen sin.[7] Fire dagar seinare blei «Psycho» utgjeve som eit pre-order bonusspor saman med kunngjeringa av albumet.[8] Den same dagen blei ein lyrisk video for songen utgjeve på bandet sin offisielle YouTube-kanal.[9]
Mottaking
Musikkmagasinet NME skildra songen som ein «back-to-basics», «rå» og «direkte» song med ein «skarp riff». Dei meinte at songen er «meir jordnær og menneskeleg» enn «den utenomjordiske science-fiction-atmosfæren som har blitt typisk for trioen». Dei påstod at «Muse ser ut til å blitt strammare, meir direkte og raseri-drivne i forhold til det førre albumet deira». Dei priste Bellamy sin vokale levering og sa at «sinne er meir direkte enn nokon gong». Dei spekulerte om sporet si tilknyting til Bellamy sitt privatliv, og meinte at tekst som «Love, it will get you nowhere» («kjærleik, det vil ikkje føre deg nokon stad»), utan tvil ville få nokon fans til å lure på korleis brotet hans med partnaren Kate Hudson kan ha påverka han medan han produserte songen.
Lyrisk video
I fylgje bandet sin videoregissør Tom Kirk er det visuelle konseptet til den lyriske video til «Psycho» påverka av Brice Frillici sitt SEKDEK-prosjekt.
Kjelder
|
---|
Medlemmar | |
---|
Turnèmedlemmar | |
---|
Studioalbum | |
---|
Live-album | |
---|
Singlar | |
---|
Konsertturnear | |
---|
Relaterte artiklar | |
---|