Etter ei stutt gjæringstid vert vinen tilsett eit smaksnøytralt brennevin, aguardente. Gjærcellene i vinen døyr av alkoholforgifting, og ettersom gjæren i vinen lever av sukkeret i druene, vert restsukkeret i vinen teke vare på nå gjæringa stoggar. På dette viset vert det laga ein sterk og søt vin med 19–20 % alkohol, som gjerne vert lagra ei tid før han skal konsumerast. Opphavleg vart vinen handsama på denne måten for å kunne halde seg under transport og omsetjing på hovudmarknaden, som framfor alt var England, og det er knytt mange engelske tradisjonar, ord og uttrykk til portvinen.
Portvinshus
Dei store oppkjøparane av vinen dominerer portvinshandelen. Dei viktigaste husa er:
Cálem
Churchill's
Crofts
Delaforce
Ferreira
Fonseca
Offley
Ramos Pinto
Royal Oporto
Sandeman
The Symington Family Estates eig: Graham's, Warre's, Dow's, Smith Woodhouse og Cockburn's