Pollino (italiensk Massiccio del Pollino ) er eit fjellmassiv sør i Appenninane , på grensa mellom Calabria og Basilicata , sør i Italia . Sidan 1992 har det vore ein del av Pollino nasjonalpark .
Det høgaste området i kjeda består av kalkstein og er derfor utsett for erosjon som særleg på Calabria-sida har danna mange grotter , der det i enkelte er funne veggmåleri frå paleolittisk tid.
Sjølve toppen Pollino er 2 248 m og Serra Dolcedorme er 2 267 m, som begge stig opp frå Sibarisletta .
Pollino har frodig vegetasjon og her finn ein kastanje , bøk og den sjeldne bosniske furua , som er symbolet på parken. Av dyr finn ein ulv , hornugle , rådyr og den sjeldne kongeørna .
Pollino frå toppen av Serra delle Ciavole
39°55′N 16°11′E / 39.917°N 16.183°E / 39.917; 16.183
Kjelder