Polk County er eit fylke i den USA-amerikanske delstaten Minnesota. Fylket ligg i den nordvestlege delen av delstaten, med vestgrense mot delstaten Nord-Dakota. Flatevidda til Polk er på 5 170 km², 70 km² er dekt av vatn. I kring 31 000 menneske bur i fylket. Fylkesadministrasjonen held til i småbyen Crookston.
Fylket vart grunnlagt i 1858 og organisert i 1872. Ved folketeljinga 2000 vart 41,7 % av ibuarane registrert som norskætta og 19,7 % som tyskætta.