Locatelli var fødd i Bergamo. Som 16-åring reiste han til Roma der han kan ha studert under Corelli. Etter ca. ti år i Roma reiste Locatelli gjennom Europa og gav konsertar før han til slutt slo seg ned i Amsterdam i 1729.
L'Arte del Violino (Amsterdam 1733) var ein av dei mest innflytelsesrike musikkpublikasjonane tidleg på 1700-talet[2]. Det er ei samling tolv fiolinkonsertar for strykarar og basso continuo med ein «capriccio» for fiolin utan akkompagnement sett inn i den første og siste satsen i konserten. Desse virtuose stykka er i praksis utskrivne solokadensar, men vert i dag ofte spelte som sjølvstendige stykke.
Biografi
Bergamo
Barndomen til Locatelli er nærast ukjent. I den tidlege ungdomen hans var han tredjefiolinist med tittel «virtuoso» i cappella musicale ved kyrkja Santa Maria Maggiore i Bergamo[3]. Dei første fiolinlærerarane hans var truleg Ludovico Ferronati og Carlo Antonio Marini, begge medlemmer av orkesteret og kjende musikarar. Komposisjonslære kan han ha fått formidla av Maestro di Cappella, Francesco Ballarotti[4]. Hausten 1711 søkte han om løyve til å forlate Bergamo, noko styresmaktene gav han med merknad om at han reiser «med gode skussmål [...] til Roma for (der) dra nytte av sitt yrke»[5][6].
Roma
Frå hausten 1711 studerte Locatelli i Roma, kanskje ei kort tid hos Arcangelo Corelli som døydde i januar 1713, men meir truleg hos florentinarenGiuseppe Valentini, som ein meiner var elev av Corelli. Valentini og Locatelli reiste på denne tida saman rundt i Italia[7]. Eit brev frå Locatelli datert 17. mars 1714 til sin «Carissimo signor Padre» i Bergamo viser at Locatelli på denne tida var fast tilsett ved fyrsten Michelangelo Caetani sitt hoffkapell. Mellom 1716 og 1722 var han dessuten medlem av Congregazione generale dei musici di S. Cecilia og var dermed verna av den adelege prelaten og seinare kardinalenCamillo Cybo[8]. Ut over det finst det dokumentasjon på at Locatelli bisto i andre adelshus i Roma, til dømes ofte for kardinal Pietro Ottoboni i kyrkja San Lorenzo e San Damaso – siste dokumenterte tilfelle var 7. februar 1723[9].
Locatelli debuterte som komponist medan han var i Roma: i 1721 dukka hans XII Concerti grossi op. 1, tileigna Camillo Cybo, opp i Amsterdam[10].
Reiseår
Mellom 1723 og 1728 reiste Locatelli gjennom Italia og Tyskland, med Mantova, Venezia, München, Dresden, Berlin, Frankfurt am Main og Kassel som kjente stoppestader. Truleg stammer mesteparten av verka hans for konsertbruk frå denne tida, spesielt fiolinkonsertane og dei tilhøyrande capricci. Det finst knapt rapporter om framføringane hans, men det er rimeleg å tru at framføringane av konsertane la grunnlaget til ryktet Locatelli hadde som fiolinvirtuos[11].
At Locatelli arbeidde for regenten i Mantova, landgreve Philipp von Hessen-Darmstadt, framgår av eit dokument frå 1725 der Locatelli vert omtalt som «Nostro Virtuoso». Det er derimot ukjent kor ofte han spelte og kva posisjon han hadde ved det mantovanske hoffet[12].
Likeeins finst det dokumentasjon som viser at Locatelli var i Venezia, men tidspunktet og kva han gjorde der er ukjent[13].
Om opphaldet til Locatelli i München finst det berre ein notis: Den 26. juni 1727 «betalte kurfyrstens musikkdirektør den vitjande virtuosen Locatelli tolv dobbelte gylden for ein opptreden»[14][15].
Ei oppføring i familiealbumet til ein rik autografsamlar dokumenterer at Locatelli var i Frankfurt am Main den 20. oktober 1728. Oppføringa inneheld ein miniatyr av «andante» frå Sonata III, op.2 for eit klaviaturinstrument[18][19].
Den siste kjente stoppestaden under reiseåra var Kassel. Etter ein opptreden[20] ved hoffet til landgreve Karl av Hessen-Kassel den 7. desember 1728 mottok Locatelli den særs gode betalinga av 80 riksdalar. OrganistenWilhelm Lustig fortalte i 1786 at Locatelli på sin fiolin hadde «"gnikka" store vanskar for å forbløffe tilhøyrarane»[21][22].
Amsterdam
I 1729 slo Locatelli seg ned i Amsterdam, og her vart han resten av livet. Han komponerte lite, gav fiolinundervisning til amatørar, og redigerte sine op. 1 til 9, og verk av andre musikarar. Frå ei brevveksling mellom Locatelli og Giovanni Battista Martini veit ein at han gjorde Martinis op. 2 trykkeferdig[23]. Hans lite kjente offentlege og halvoffentlege framføringar var berre opne for musikkelskarar; profesjonelle musikarar hadde ikkje tilgang. Ein engelskmann som høyrte han i 1741 skreiv at det skuldast at han var redd dei skulle lære knepa hans: «[...] he is so afraid of People Learning from him, that He won't admit a Professed Musician into his Concert»[24].
Dei velståande musikkelskarane i Amsterdam gjorde det mogeleg for dyktige virtuosar å tene særs godt. Det nye byborgarskapet av rike forretningsmenn og leiarane i byen danna grunnlaget for ei ny gruppe mesénar. Medan den gamle europeiske adelen heldt permanente representative hoff med fast tilsette musikarar og behov for stadig nye komposisjonar, nøyde det nye byborgerskapet seg med nokre kjente og anerkjente komposisjonar som dei kunne medverke på framføringane av. Namnet til Locatelli som virtuos og komponist var slik at han med forholdsvis få verk kunne leve godt av å vere ein virtuos solist føre eit orkester av amatørar[25]. I 1741 innretta han ei verksemd for import og sal av italienske fiolinstrengar i huset sitt[26], kanskje gjennom agenturet til elskarinna, enka etter ein italiensk kjøpmann i Amsterdam[7]. I 1742 vart den skattbare inntekta hans estimert til 1500 gylden - det var den høgaste inntekta nokre Amsterdam-basert musikar var oppført med[27]. Det finst ikkje ei einaste skildring om framføringane hans i perioden frå 1744 (då han publiserte op.8) til 1762 (då han publiserte op.9). Kvifor har det så langt ikkje vore mogeleg å forklare[27].
Locatelli døydde 30. mars 1764 i heimen sin i Prinsengracht. Han er gravlagt i den engelske kyrkja (Begijnhof) i Amsterdam[28].
Ettermæle
Det viktigaste arkivet med kjeldemateriale om Locatelli låg i Darmstadt og vart øydelagd under den andre verdskrigenen[29], og det sparsame kjeldematerialet gjer at inventaret han etterlet seg kan bidra til å fylle ut biletet om han. Dei ulike føretaka til Locatelli skaffa han ein stor formue, og han etterlet seg mange utmerka musikkinstrument, eit kostbart bibliotek og ei stor samling kopperstikk[28]. Biblioteket bestod av over tusen titlar og viser at Locatelli hadde omfattande interesse for litteratur og vitskap. Samlinga omfatta ornitologiske, teologiske, kyrkjehistoriske, politiske, geografiske, kunstteoretiske og matematiske bøker. Alle viktige skjønnlitterære forfattarar frå og med Dante var representert med deira samla verk. Den musikkteoretiske litteraturen strekte seg tilbake til 1500-talet. Av ein mengde musikkstoff fann ein mellom anna dei samla verka til Corelli. Ei stor samling bilete av alle nederlandske, italienske og franske meistrar viser at Locatelli òg var ein kjenner av biletkunst. I det heile viser boet at Locatelli var ein mann med ein omfattande allmenndanning. Alt vart seld på auksjon i august 1765.
Musikk
Då Locatelli slo seg ned i Amsterdam i 1729 var byen sentrum for den europeiske musikkforlagsindustrien. Han gav ut opp. 2 til 6, op. 8 og op. 9, såvel som ei nyutgåve av op. 1 i Amsterdam og op. 7 i nabobyen Leiden. Han var særs omhyggeleg med å sikre at utgavene var feilfrie. Verk for store besetningar overlet han til forskjellege forlag, dei mindre editerte og selde han sjølv.
Ikkje berre op. 1 stammer frå den tidlege perioden hans, ein meiner at det òg gjeld op. 3, og i det minste delar av op. 2, og opp. 4 til 8. Locatelli skaffa seg privilegium på trykking som skulle gje vern mot piratkopiering og import av illegale utgjevingar. I samband med dette privilegiet skildra han seg som «Italiaanisch Muziekmeester woonende te Amsterdam»[30][31]. Eit av vilkåra var at han gav eit gratiseksemplar til Leidens Universitetsbibliotek. Dermed fekk førsteutgåvene ein sikker plass, og er bevart fram til i dag. Op. 9 vart derimot publisert etter utløpet av privilegieperioden og er tapt[32].
Verka til Locatelli kan grovdelast i følgjande kategoriar:
Verk rekna til eigen framføring som fiolinvirtuos
Representative verk for større ensemble
Kammermusikk og verk for små ensemble
Til dei virtuose verka høyrer fiolinkonsertane med dei tilhøyrande capricci og fiolinsonatane op. 6 med ein capriccio. Begge verka, framfor alt op. 3, spreidde - mellom anna gjennom piratutgåver og avskrifter - ryktet til Locatelli som den ultimate virtuos ut over heile Europa. Etter han døydde vart kaprisane hovudsakleg nytta som studie- og øvingsstykke for profesjonelle musikarar og vart lite oppført. Niccolò PaganinisCapriccio op. 1, nr. 1 viser ein tydeleg likskap med Locatellis Capriccio nr. 7[33].
Virtuositeten til Locatelli viser seg i kaprisane - dei krev spel i dei høgaste posisjonane, dobbeltgrep, akkordspel og arpeggiar i vide grep, flageolettar, trillar, dobbelttrillar, tostemt spel (Trillo del Diavolo), samt eit mangfald av bogestrøk og varierande bogeføringar[34].
Locatellis Concerti Grossi op. 1 og op. 7 såvel som dei frå op. 4 er tydeleg påverka av Corellis op. 6. Instrumentalmusikken til Locatelli er særs emosjonell - inntil nokre få tiår tidlegare vart intense emosjonar berre uttrykt gjennom vokalmusikk[35]. Med desse verka kan vi seie at den barokke ensemblekunsten var kome i ein manieristisk seinfase. Introduttioni teatrali op. 4 følgjer mønsteret for den typiske napolitanske operasinfonie[36].
Fløytesonatene op. 2, triosonatene op. 5, såvel som fiolinsonatene og triosonatene op. 8 var skrivne med Amsterdam-borgarane si musikalske verd i tankane, og med sin delvis galante stil etterkom den dei nyaste musikalske moteretninga på den tida[37].
Verk
Opus 1: XII Concerti grossi à Quatro è à Cinque. Amsterdam 1721
Opus 2: XII Sonate à Flauto traversiere solo è Basso. Amsterdam 1732
Opus 3: L’Arte del Violino; XII ConcertI Cioè, Violino solo, con XXIV Capricci ad libitum. Amsterdam 1733
Opus 4: VI Introduttioni teatrali è VI Concerti. Amsterdam 1735
↑Uroa til Locatelli var ikkje ugrunna, til dømes høyrte Heinrich Wilhelm Ernst førebilete sitt Niccolò Paganini fleire gonger og lærte seg å spele på Paganinis måte etter minne.
↑Triosonater, tilegnet M. Leveston, en av hans elever og meséner.
Litteratur
Dunning, Albert (red): Pietro Antonio Locatelli, Opera omnia, Kritische Gesamtausgabe in 10 Bänden, London/Mainz 1994, ISBN 978-0-946535-49-1
Dunning, Albert (red): Pietro Antonio Locatelli, Catalogo tematico, lettere, documenti & iconografia(Supplement til Kritischen Gesamtausgabe), Mainz 2001, ISBN 978-0-946535-40-8
Dunning, Albert (1981). Pietro Antonio Locatelli. Der Virtuose und seine Welt. (på tysk) I. Buren. ISBN90-6027-380-X.
Morabito, Fulvio (2004). Blume, Friedrich, red. Die Musik in Geschichte und Gegenwart (på tysk) 11 (2 utg.). Kassel et altera: Bärenreiter Metzler.