Pierre Cécile Puvis de Chavannes, (14. desember1824–24. oktober1898) var ein fransk kunstmålar. Sett vekk frå dei tidlege verka, vert arbeida hans rekna til symbolismen. Han laga mange veggmåleri til offentlege bygningar.
Liv og gjerning
Puvis de Chavannes var fødd i Lyon, familien hans var av øvre middelklasse. I 1844 reiste han til Paris, der han studerte hos Eugène Delacroix og særleg Thomas Couture.
Han påverka ein heil generasjon kunstnarar. Georges de Feure var ein av dei følgde han nærast.
Bilethoggaren Auguste Rodin var kanskje den som henta mest inspirasjon frå Puvis de Chavannes sine arbeid. Også skandinaviske kunstnarar mottok sterke impulsar, dei danske målarane Anna Ancher og Marie Triepcke var av dei som i Paris gjekk i lære hos Puvis de Chavannes. Den svenske prinsen, Eugen, studerte hos han åra mellom 1887 og 1889.
Juryen i Paris-salongen avviste måleri frå hans hand i åtte år, før han endeleg i 1861 fekk sitt gjennombrot med verka Concordia og Bellum. Særleg viktig for Puvis de Chavannes var det at den franske regjeringa kjøpte inn eit av arbeida hans til muséet i Amiens.
Puvis de Chavannes er mellom anna kjend for sine freskomåleri. Nokre av desse kan i dag sjåast på til dømes rådhusa i høvesvis Paris og Poitiers, på Sorbonne, og Panthéon i Paris. Dessutan finst fresker i USA, som på biblioteket i Boston i Massachusetts. Måleri på lerret finst i mange USA-amerikanske og europeiske galleri.
Arbeida hans vert oppfatta som grunnleggande symbolistiske.
I 1890 var han med å grunnleggje den nasjonale kunstforeininga i Frankrike, kalla Société Nationale des Beaux Arts. Han var første formannen i foreininga. Frå 1926 har kunstforeininga stått for utdelinga av prisen Prix Puvis de Chavannes.