Picos de Europa (tyder «Europatoppane») er ei fjellkjede, om lag 20 km innanfor nordkysten av Spania i dei autonme regionane Asturias, Cantabria og Castilla y León. Fjella er ein del av Dei kantabriske fjella. Den mest aksepterte teorien for opphavet til namnet er at dette var dei første fjella i Europa ein såg når ein kom med skip frå Amerika.
Geografi
Fjella består av tre store massiv, det sentrale, austlege og det vestlege (òg kalla Picos de Cornión). Dei sentrale og vestlege massiva er fråskilde av ei 1,5 km djup kløft grave ut av Cares, (Garganta del Cares), med landsbyen Caín i ein enden. Kjeldene til Cares er houvdsakleg vatn som kjem ut av grotter i området.
Nesten heile fjellkjeda består av kalkstein, og isbreerosjon har skapt eit imponerande karstområde. Det høgaste fjellet i kjeda er Torre de Cerredo med ei høgd på 2468 meter over havet. Mange andre fjelltoppar går over 2000 meter. Området er populært hos fjellklatrarar og fotturistar. Det ligg fleire fjellhytter i fjella.
Natur
Av dyr som lever i regionen finn ein brunbjørn (Ursus arctos pyrenaicus), gaupe (Lynx pardinus) og ulv (Canis lupus signatus). Det er òg ein del gemse i fjell. Av fuglar finn ein alpekråke og musvåk.
Det finst grupper av gjetarar som dreg opp til Picos frå dalane om sommaren med sau, geit, ku og stundom gris. Området er kjent for dei pikant blåe ostane som Queso de Cabrales, som tradisjonelt modnar i grottene.