Petsjenga (finskPetsamo, russisk Печенга, nordsamiskBeahcán, skoltesamiskPeäccam) i den sørlege delen av Pasvikdalen er eit russisk område på 10 470 km² i distriktet med same namnet. Distriktet (med omkring 11 000 innbyggjarar) ligg i Murmansk oblast og grensar mot Noreg.
Historie
Området var opphavleg ein del av eit felles norsk og russisk skatteland, men 14. mai1826 vart grensekonvensjonen mellom Noreg-Sverige og Russland underteikna i St. Petersburg. Grensestrekninga over land mellom Noreg og Russland var dermed avklart utan samanstøytar.
Under vinterkrigen stod slaget om Petsjenga i perioden 30. november 1939-12. mars 1940. Krigen enda med sovjetisk siger, og sovjetstyrkar inntok heile området. Under fredsforhandlingane i Moskva i 1940 måtte Finland avstå vestre del av Fiskarhalvøya.
I byen Petsjenga låg det ortodoksePetsjengaklosteret. Under framhaldskrigen vart klosteret evakuert til Savolaks, saman med klosteret som hadde lege på øya Valamo i Ladoga. I Savolaks vart dei samla under namnet Nye Valamo kloster.
Geologi
Berggrunnen høyrer til Petsamo-supergruppa i Aust-Finnmarks grunnfjellsområde. Petsamo-supergruppa består av grønsteinar med eit basalkonglomerat under.
Petsjenga er aktuelt ilandføringsområde for gass frå det russiske Sjtokmanfeltet.