Roddis Franklin «Pete» Drake (8. oktober 1932–29. juli 1988) var ein USA-amerikansk plateprodusent og pedalsteelgitarist basert i Nashville.[1]
Drake var ein av dei mest ettertrakta studiomusikarane i 1960-åra og spelte på mange hittar som Lynn Anderson sin «Rose Garden», Charlie Rich sin «Behind Closed Doors» Bob Dylan sin «Lay Lady Lay» og Tammy Wynette sin «Stand by Your Man».
Karriere
Drake var fødd i Augusta i Georgia i 1932, som son av ein predikant i pinserørsla. I 1950 drog han til Nashville, høyrde Jerry Byrd på Grand Ole Opry og vart inspirert til å kjøpe ein steelgitar. Seinare i 1950-åra var han med å starte countrybandet Sons of the South i Atlanta i Georgia, i lag med fleire framtidige countrystjerner som Jerry Reed, Doug Kershaw, Roger Miller, Jack Greene og Joe South.
I 1959 flytta han til Nashville og vart med i The Nashville A-Team. Han spelte på turenar med Don Gibson, Marty Robbins og fleire andre. I 1964 fekk han ein internasjonal hit med sin «Talking Steel Guitar» på albumet Still.
Drake spelte på dei tre albuma som Bob Dylan spelte inn i Nashville, inkludert Nashville Skyline, og på Joan Baez sitt David's Album. Han arbeidde òg med George Harrison på All Things Must Pass, og produserte Ringo Starr på Beaucoups of Blues i 1970.[2]
Drake produserte album for mange andre musikarar og grunnla Stop Records og First Generation Records. Han vart innlemma i Country Music Hall of Fame's Walkway of Stars i 1970, Steel Guitar Hall of Fame i 1987 og Georgia Music Hall of Fame i 2010.
Drake byrja å utvikle emfysem etter 40 år med røyking og helsa hans vart dårleg etter 1985. Han døydde av sjukdommen i 1988, berre 55 år gammal.
Kjelder
Bakgrunnsstoff