hovudkort (motherboard) som bind saman dei ulike delane ved hjelp av leidningar, og der det gjerne sit minnekort, grafikkort, lydkort, nettverkskort og prosessorar
tastatur, mus eller andre einingar som ein bruker til å gje data (input)
Fram til slutten av 1970-åra hadde dei fleste datamaskinar fleire brukarar om gongen. Desse blei kalla minimaskinar og stormaskinar, og brukaren fekk kontakt med dei ved hjelp av ein tynnklient. Ofte var sjølve datamaskinen på storleik med eit rom, og kravde kjøleutstyr og vedlikehald. Utviklinga av mikroprosessoren gjorde at ein kunne laga datamaskinar som var mykje mindre enn tidlegare, og samtidig mykje kraftigare.
Maskintypen som blei dei første personlege datamaskinane blei kalla mikrodatamaskinar. Då desse kom så lågt i pris at privatpersonar hadde råd til å kjøpa dei, kom omgrepet heimedatamaskin. Desse var først byggesett for entusiastar, men blei etter kvart ferdig montert. Ofte kunne heimedatamaskinen koplast til eit vanleg TV-apparat, og lagringsmediet var vanlege musikkassettar.
Omgrepet personal computer blei opphavleg brukt om datamaskinar frå IBM som køyrte operativsystemet MS-DOS. Frå midten av 1980-åra gjekk omgrepa «heimedatamaskin» og «mikrodatamaskin» ut av vanleg bruk, og kortformene «PC» eller «data[maskin]» tok heilt over. Norsk språkråd prøvde i ei tid å få nemninga PD inn i det norske språket, utan å lukkast.