Periferieininga Thessaloníki (gresk Περιφερειακή ενότητα Θεσσαλονίκης, Periferiakí enótita Thessaloníkis) er ei periferieining i Hellas i periferienSentral-Makedonía.[2] Hovudstaden i periferieininga er byen Thessaloníki. Periferieininga er den nest folkerikaste i Hellas og det største i Makedonia og Nord-Hellas.
Geografi
Periferieininga strekkjer seg frå Thermaikósbukta i sørvest til Strymónasbukta i aust. Nord i periferieininga ligg Koróniasjøen sentralt og Vólvisjøen i aust. Fjellområde dekkjer dei sentrale og nordlege delane av periferieininga, medan jordbruksområde ligg i vest, sørvest og enkelte stader i nordaust, samt i dalen langs elva Axiós (Vardar). Av fjell finn ein Khortiátis i vest, Vertískos i nord og delar av Kerdýlliafjella i nordaust. Periferieininga grensar til Imathía i sørvest, Pélla i vest, Kilkís i nord, Sérres i aust og Khalkidikí i sør.
Historie
Thessaloníki prefektur vart danna då Thessaloníki vart ein del av Hellas under den første balkankrigen i 1913. Området var då det største prefekturet i Hellas og dekte 7 % av det totale arealet. Pélla vart skild ut i 1930, Kilkís i 1937 og etter den andre verdskrigen, i 1947, vart Imathía og Piería òg skild ut. Det var likevel det nest største prefekturet i Hellas, og det største i Makedonia og Nord-Hellas. Frå 2011 er det tidlegare prefekturet ei periferieining.
Klima
Thessaloníki har middelhavsklima med varme somrar og kjølige til milde vintrar i lågtliggande område. Snø er derimot vanleg i område over 500 m.
Administrativ inndeling
Tidlegare var Thessaloníki eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i 14 kommunar.[2]