Per J. Husabø
|
|
Statsborgarskap |
Noreg
|
Fødd |
6. mai 1928
|
Død |
3. mars 2012 (83 år)
|
Yrke |
politikar
|
Språk |
norsk
|
Politisk parti |
Kristeleg Folkeparti
|
Medlem av |
Israels venner
|
Per Johnsson Husabø (6. mai 1928–3. mars 2012) var ein norsk sivilagronom og politikar frå Leikanger i Sogn. Han representerte Sogn og Fjordane og Kristeleg Folkeparti på Stortinget frå 1977 til -85.
Husabø var son til ein gardbrukar. Han gjekk 1950/51 Fruktdyrkingskulen på Hjeltnes i Ulvik. Der etter tok han artiumskurs på Hamar i 1952. Frå 1954 til -57 studerte han hagebruk ved Noregs landbrukshøgskule og vart sivilagronom. Perioden 1957-65 arbeidde han ved Institutt for fruktdyrking på NLH, sist som amanuensis, og dessutan eitt år ved Statens forsøgsstation Blangstedgaard i Danmark. Frå 1965 til 1992 var han tilsett på Statens forskningsstasjon Njøs i Leikanger, som forsøksleiar 1966-77 og forskar 1986-92.
Husabø var medlem i Leikanger kommunestyre 1968-75 og styreformann i Leikanger kommunale elektrisitetsverk 1975-77. Ved stortingsvalet 1977 vart han vald til stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, attvald 1981. I den fyrste fireårsbolken var han medlem i Landbrukskomiteen, medan han 1981-85 var nestformann i Sjøfarts- og fiskerikomiteen.
Kjelder