Vincent Paul Nihill (5. september1939–14. desember2020) var ein britisk kappgjengar som i 1969 vart europameister på 20 km og elles vann OL-sølv i 1964 og EM-bronse i 1971.
Aktiv
Nihill kjempa i Sommar-OL 1964 om gullmedaljen på 50 km, måtte til sist gje tapt mot den legendariske kappgjengaren Abdon Pamich frå Italia. Under Sommar-OL 1968 kollapsa Nihill etter 44 km i tynnlufta i Mexico.
Sidan satsa Nihill mest på 20-kilometeren. Han vann distansen ved Friidretts-EM 1969 og tok bronsemedaljen i EM 1971. Den 30. juli 1972 sette han verdsrekord på 20 km med tida 1.24.50, ein månad seinare enda han på sjetteplass i dei olympiske sommarleikane. Han slutta tevle i 1977.