Paul Brodahl Lassen (3. august 1795–2. september 1885) var ein norsk prest og stortingsmann, fødd i Bjelland i Vest-Agder.
Lassen var son til ein prest. Han vart student frå katedralskulen i Kristiansand i 1814 og cand. theol. i 1819. Same året vart han personalkapellan i Evje, og i 1821 sokneprest der. Frå 1828 var hans sokneprest i Audnedal. Den lange perioden 1841-80 var han stiftsprost og sokneprest i Kristiansand.
Lassen var 4. representant frå Lister og Mandals amt på Stortinget 1839, medlem av næringskomite nr 2. Han var ordførar i Audnedal 1838-41 og i Kristiansand i 1845.
Lassen gav ut boka Beretning om stiftsstaden Christianssand, dens fortid og nutid.
Han døydde i Kristiansand i 1885.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914