Paul Larssen Forsæth (1762–26. desember 1817) var ein norsk gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Klæbu.
Forsæth var leiglendingsgardbrukar på Nordset i Klæbu. Han var også lensmann i Klæbu.
Forsæth vart innvald frå Søndre Trondhjems amt på det overordentlege storting 1814. Han var medlem av forhandlingskomiteen, og av deputasjonen som 10. oktober 1814 møtte Kristian Fredrik, samt møtte kronprins Karl Johan i Fredrikshald.
Forsæth døydde i Nordset i Klæbu i 1817. Til liks med broren Lars Larssen Forsæth hadde han vorte tildelt Dannebrogordenens hederstegn.
Kjelder