Paul Griffin (6. august 1937–14. juni 2000) var ein USA-amerikansk pianist og studiomusikar som spelte med hundrevis av musikarar frå 1950- til 1990-åra.
Griffin var fødd i Harlem i New York og byrja å turnere som pianist med King Curtis og arbeidde sidan med Bob Dylan, Steely Dan, Don McLean, The Isley Brothers, Van Morrison, The Shirelles og Dionne Warwick. Han er kanskje mest kjend for arbeidet sitt på albuma Highway 61 Revisited, Blonde on Blonde og Aja. Han spelte òg på Don McLean-songen «American Pie».[1]
Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!