Pallava var eit tamilsk rike som fanst frå 200- til 800-talet sør i dagens India. Hovudstaden deira var Kanchipuram, der dei reiste ei rekkje tempel. Dynastiet reiste også kysttempla i Mahabalipuram, ein del av verdsarva.
Pallavariket voks fram då Satavahanadynastiet, som dei tidlegare hadde lege under, gjekk tilbake.
Riket blei mektigare under styret til Mahendravarman I (571–630) og Narasimhavarman I (630–668). Det dominerte telugu- og dei nordlege delane av tamilregionen i omtrent 600 år, fram til slutten av 800-talet.
Gjennom historia var Pallavariket i stadig konflikt med både Tsjalukyariket i Badami i nord og Tsjola- og Pandyarika i sør. På slutten av 800-talet blei riket endeleg overvunne av Tsjola.