Øya er 163,6 km² stor og hadde i 2002 eit folketal på 3 791. Av desse bur 3 304 i hovudstaden Hanga Roa. Påskeøya er mest kjend for dei om lag 400 år gamle store steinstatuane (moai). Øya fekk namnet ho er kjend under i utanforverda etter at ein ekspedisjon leia av Jacob Roggeveen oppdaga henne på påskedagen i 1722.
Geologi
Påskeøya er ei trekanta vulkanøy og består hovudsakleg av tre sløkkte vulkanar. Den største av dei er Terevaka (507 moh) som dekkjer det meste av øya, medan Poike og Rano Kau utgjer den austlege og sørlege delen.
Påskeøya tilhøyrer ei undersjøisk fjellkjede, Sala y Gómez-ryggen, som reiser seg meir enn 2000 meter over havbotnen. Berggrunnen består av hawaiitt og jernrikbasalt.